Intranett anno 2020

Pål Olav Loftesnes

Etter den store bølga med Teams dette merkelege året, lurer mange på om intranett forsatt har ei rolle å spele på den moderne digitale arbeidsplassen.
Vi i Dapt tenkjer at intranettet er minst like viktig som tidlegare, men at ein må inkludere intranettet med kommunikasjonsflyten i firmaet og bruke nye verktøy.
Eit godt intranett må i dag sameksistere med Microsoft Office 365, Teams og kanskje til og med Yammer.

Dei vanlegaste kriteria for eit tradisjonelt intranett er:

  • Kommunikasjon av sentralisert informasjon
  • Modular for nyheiter og arrangement
  • Oversikt over reglar og rettigheiter, som personalhandbok
  • Effektive og gode søkefunksjonar
  • Platform for kunnskapsdeling
  • Formidling av bedriftskultur
  • Personsøk/organisasjonskart

Teams og andre Office 365-appar nærmar seg fleire av punkta over, men vi opplever ofte at ein ikkje får presentert informasjon på best muleg vis, då ein ikkje får tilpassa utsjånad og styre innholdet. Og snakkar vi i tillegg om merkevarebygging og branding er intranett eit svært godt verktøy for å samle informasjonen i tråd med profilhandboka til firmaet ditt.

Ein kan velge fleire strategiar, men å omfamne Teams er i dei aller fleste tilfeller ein svært god idé, då dette er Microsoft sin visjon og storsatsing for samhandling i dag og i framtida.

I ein krisesituasjon må alle kunne holde seg informert til ei kvar tid.
Eit eksempel på god intranettbruk er ved handtering av COVID-19. Med eit godt intranett, kan bedrifta presentere relevant og oppdatert informasjon for dei tilsette.
Det er derfor viktig å tenke på kommunikasjonsretning når ein handterer dei ulike plattformene: Intranettet er ikkje plassen for å diskutere eller stille spørsmål rundt f.eks COVID-retningslinjene. Det gjer ein heller i Teams-kanalen eller teamet som er oppretta for akkurat dette, der ein kan diskutere opent og få gode svar frå leiarar eller ressurspersonar i bedrifta. Legg gjerne intranettsida inn som ei fane for å støtte opp om det aktuelle teamet, så skal det vanskeleg gjerast å ikkje treffe målgruppa for kommunikasjonen.

Har verktøy som Teams verkeleg tatt knekken på det tradisjonelle intranettet?
Nei, på ingen måte. I Teams manglar vi i skrivande stund mulegheita til å samle og presentere informasjon på ein redaksjonell måte, til tross for dei fantastiske samhandlingsmulegheitene plattforma byr på.
Intranettet har fortsatt ei svært viktig rolle å spele for bedrifter og organisasjonar, så vi må la intranettet sameksistere med dei andre kommunikasjonsverktøya. På denne måten sikrar vi oss god samhandling, god kommunikasjonsflyt og godt informerte medarbeiderar.
Bruk litt tid på å sette deg inn i dei mange måtane vi kan kommunisere og samhandle digitalt på og lag ein strategi for bedrifta di. Eit intranett er framleis like aktuelt i 2020.

Treng du gode råd om Office 365, Teams og intranett?
Ta gjerne kontakt med oss i Dapt – vi brenn for gode kommunikasjonsløysingar.

Et skritt nærmere, send oss litt info så hører du fra oss snart